Planlegging av straumtilførsel
Dersom du skal byggje nytt hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planleggje tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på anlegget, er det viktig å ta kontakt med både nettselskap og elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen. Grøfter for inntakskabel og jording er noko av det første ein må tenkje på.
I bustad- og fritidsbygg, samt mindre næringsbygg skal det nyttast felles utvendig tilknytingsskap for straum og fiber. Det er her målaren skal monterast. Det er naturleg å bruke entreprenøren som er på staden til etablering av kabelgrøft fram til tilknytingsskapet. Nettselskapet leverer inntakskabel, og legg denne i samråd med graveentreprenøren. Det er elektroinstallatøren som kobler til inntakskabelen samtidig som dei set opp tilknytingsskapet.
Tilknytning av anlegg under 1 MW:
Slik går du fram:
- Ta kontakt med oss for å avklare om det finst straumnett og ledig kapasitet i området der du skal byggje.
- Kostnaden for nødvendig etablering og eventuell forsterking av straumnettet må dekkjast av deg som kunde. Denne kostnaden blir rekna ut etter gjeldande reglar for anleggsbidrag. Nettselskapet vil sende deg eit kostnadsoverslag før tilknytinga blir gjennomført.
- Du må kontakte ein godkjent elektroinstallatør som skal utføre den elektriske installasjonen hos deg. Installatøren skal sende ein forhåndsmelding til oss før arbeidet startar. Denne meldinga skal innehalde viktig informasjon om deg som kunde og nødvendige data om installasjonen for at søknaden kan handsamast.
- Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknyting, sender installatøren ein ferdigmelding til oss.
- Vi monterer målar, koplar til anlegget og sender faktura for tilknytinga.
- Du må velje ein straumleverandør. Om du ikkje gjer det, vil du automatisk få ein pliktleveranseavtale med nettselskapet. Desse avtalane er normalt dyre, så det løner seg å velje ein leverandør.
Tilknytning av større anlegg over 1 MW:
Skal du byggje ut eit bustadområde eller hyttefelt, byggje næringsbygg eller få straum til hurtiglading av bilar, og liknande, er det ekstra viktig å ta kontakt i god tid. Når vi får ei slik førespurnad, må vi vurdere om det er ledig kapasitet i straumnettet, eller om det er behov for utbetring. Vi må også sjekke om netteigar i overliggande nett har kapasitet. Dersom det er behov for tiltak, kan det ta tid å få dette på plass.
Vang Energiverk benytter Tilko til å koordinere tilknytningsprosessen mellom nettselskaper og nettnivåer.
Logg inn her for å melde inn ein sak i Tilko: