Byggjeplanar eller anna behov for straum?

Bestilling av byggjestraum skal meldast inn via epost. 

Vang Energiverk AS leiger ut byggjestraumskap – eit mellombels anlegg som kan nyttast av utbyggjar, entreprenør eller arrangør for straumuttak i ein byggje- eller anleggsperiode, eller ved enkeltståande arrangement. Mellombels uttak er kjenneteikna ved at dei er tidsavgrensa. Skapa blir ofte brukte fram til permanent installasjon i bygget kan koplast til distribusjonsnettet, og/eller anleggsperioden er avslutta.

Vilkår utleie byggestrømskap

Normal leveringstid er inntil 5 arbeidsdagar etter bestilling er motteken. 
Skapet blir passert og tilkopla ved næraste stolpe. fordelingsskap eller nettstasjon

Dersom det ikkje er mogleg med tilkopling nær ønskja plassering, blir skapet tilkopla næraste eigna punkt i nettet. Dersom ønskja plassering ikkje har tilgang til fordelingsnett, vil vi hjelpe til med å finne ei løysing. Eventuelle tilleggskostnader for montering og demontering blir fakturert etter medgått tid og materiell.


Ansvar
  • Leigetakar pliktar å behandle byggjestraumskapet med aktsomheit, slik at det ved demontering er i tilsvarande stand som ved montering.
  • Leigetakar har ansvar for skapet og tilhøyrande utstyr gjennom heile leigeperioden. Alle skadar som blir påført det utleigde materiell vil i si heilheit bli fakturert leigetakar.
  • Leigetakar pliktar å sørgje for at utstyret blir brukt og behandla på korrekt måte, slik at ein unngår å setje seg sjølv eller andre i fare.
  • Leigetakar eller andre må under inga omstende gjere endringar eller reparasjonar på installasjonen i skapet. Dette skal berre utførast av Vang Energiverk AS.
  • Leigetakar er ansvarleg for at skapet til ei kvar tid er lukka og låst. Vang Energiverk AS leverer skapet med lås og nøkkel.
    Manglar hengelås og nøkkel ved demontering, vil det bli fakturert kr 300,-. Manglar berre nøkkel, blir det fakturert kr 90,-.
  • Skapet må ikkje flyttast frå utplasseringsstaden utan skriftleg varsel.
  • Jordings- og tilførselskabel må under inga omstende rørast eller endrast.
  • Ved manglande betaling blir byggjestraumskapet frakopla og henta utan varsel, og Vang Energiverk AS fråskriv seg alt ansvar for eventuelle følgjekostnader.
  • Leigeperioden er avgrensa til 12 månader. Leige utover dette må avtalast skriftleg for ein tidsavgrensa periode.
  • Ved leige utover eitt år vil byggjestraumskapet bli kontrollert av Vang Energiverk AS for kvart påbyrja år. Leigetakar dekkjer kostnadene for dette.

Vilkår for private byggjestraumskap

Ved bruk av private byggjestraumskap blir det etablert eit kundeforhold mellom Vang Energiverk AS og eigar av dette mellombelse anlegget, når byggjestraumskapet blir teke i bruk for første gong innanfor Vang Energiverk AS sitt konsesjonsområde. (På lik linje med ordinære elanlegg.)

Leigetakar av eit slikt anlegg har eit direkte kundeforhold til Vang Energiverk AS. Målaren blir montert permanent, og blir som hovudregel ikkje demontert før kundeforholdet blir sagt opp. Vald installatør skal sende inn melding via Elsmart om installasjonsarbeidet berre ved første tilkopling av byggjestraumskapet til distribusjonsnettet.

Kostnader som Vang Energiverk AS har ved framføring av straum til mellombelse anlegg før permanent tilkopling, skal dekkjast av kunden gjennom eit anleggsbidrag.

Dersom byggjestraumskapet skal flyttast, må dette meldast til Vang Energiverk AS, og flyttinga skal utførast etter avtale. Sidan målarane er AMS-målarar, er det viktig at både fråkopling og tilkopling blir meldt til Vang Energiverk AS. Kostnader for dette kjem i tillegg, avhengig av arbeidets art.


Ansvar
  • Det er eigaren som har ansvaret for at det mellombelse anlegget blir bygd, vedlikehalde og drifta i samsvar med gjeldande forskrifter. Dette inneber mellom anna at eigaren er ansvarleg for jamleg kontroll av anlegget.
  • Byggjestraumskap skal merkast med namn på eigar eller selskap.
  • Byggjestraumskap som er i drift skal vere i god stand, vere forsvarleg låst og sikre god tryggleik for publikum og utførande.. Vang Energiverk AS skal til ei kvar tid ha tilgang til skapet for inspeksjon og eventuelt byte av målar.

Straumbrot

Straumutkopling av nettet grunna drift- og vedlikehaldsarbeid kan førekomme. Sidan dette er ei mellombels tilkopling, vil ikkje leigetakar bli varsla om slike utkoplingar. Eventuelle kostnader eller ulemper leigetakar måtte få som følgje av dette, kan ikkje belastast Vang Energiverk AS. Vang Energiverk AS er berre ansvarleg for følgjeskadar dersom skaden er eit resultat av aktløyse frå Vang Energiverk AS si side. Vang Energiverk AS har ikkje ansvar for indirekte skadar som leigetakar måtte få, med mindre skaden skuldast forsettleg handling frå selskapet.

Feil på byggjestraumskap

Opplever du feil på byggjestraumskapet, ring 61 36 75 50. Ved feil sender vi ut montør for feilsøking i normal arbeidstid (kl. 07:00–15:00). Dersom feilen ligg i kundens eige anlegg eller skuldast feil bruk, vil kunden bli fakturert for dette.

Demontering av byggjestraumskap

Må bestillast hos kundeservice minst éi veke før nedtaking. Dette er naudsynt for innrapportering av målarstandar og registrering av målarstatus i våre datasystem.