Det Lokale Eltilsyn (DLE)
Nettselskapa er med heimel i eltilsynslova pålagde å føre tilsyn med elektriske anlegg innan sine forsyningsområde. Hensikta med tilsynet er å førebyggje brannar og ulukker forårsaka av straum. DLE fører tilsyn med elektriske lågspenningsanlegg i bustader og verksemder, i tillegg til elektroverksemder.
Som huseigar har du plikt til å la eltilsynet få tilgang til det elektriske anlegget i bustaden din. Du betalar ikkje noko ekstra for dette tilsynet – det er dekt gjennom nettleiga. Under tilsynet ser vi etter avvik som kan føre til brann, ulukker eller personskadar. Dersom vi finn avvik, vil du få eit varsel med oversikt over kva som manglar og kva du må gjere for å utbetre det.
Det formelle namnet på tilsynseininga er Det lokale eltilsynet (DLE). Tilsynet er heimla i eltilsynslova, og retningslinjene for arbeidet er gitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). DLE har mynde til å kontrollere og påleggje utbetring av farlege forhold i kunden sitt elektriske anlegg.
DLE arbeider etter årlege instruksar frå DSB. På bakgrunn av desse vert det utarbeidd lokale planar tilpassa forholda i vårt område. Frå 1. juli 2007 gjeld det ei eiga forskrift for lokalt eltilsyn.
Alt arbeid i tilsynsavdelinga handlar om elsikkerheit, og vi ser dette arbeidet som ein viktig del av tenesta vi yter til kundane våre.
DLE sine hovudoppgåver:
- Gjennomføre tilsyn i private bustader og verksemder
- Drive aktivt informasjonsarbeid
- Svare på spørsmål frå publikum, elektrobransjen og næringsliv om bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr
- Følgje opp meldingar om forhold som kan vere i strid med forskrift eller skape uro
- Bistå politi og brannvesen ved etterforsking av brannar
- Drive opplæring og informasjon om elsikkerheit i skulen
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
DSB er den sentrale styresmakta for elsikkerheit og tryggleik ved produkt og forbrukartenester. Det formelle grunnlaget for verksemda til DSB er lova om tilsyn med elektriske installasjonar og elektrisk utstyr og produktkontrollova. DSB er administrativt underlagt Justisdepartementet, og rapporterer dit i spørsmål som gjeld elsikkerheit og produkttryggleik.