Har du sett noko som kan vere til fare for straumnettet?
Skadar på straumskap eller kraftliner kan føre til livsfarlege situasjonar for både menneske og dyr. Vi ber deg difor om å melde frå så raskt som mogleg, slik at vi kan rette feilen.
Døme på farlege forhold:
-
Opne eller øydelagde straumskap
Straumskap kan bli skada av påkøyrslar, hærverk, brøyting eller anna. -
Straumleidning på bakken
Leidningar som heng lågt eller ligg på bakken er svært farlege.
👉 Hald god avstand og ring vakttelefonen: 930 36 450 / 976 89 033 -
Tre over linje
Sterk vind og uvêr kan gjere at tre fell over kraftliner.
👉 Hald deg unna og ring vakttelefonen: 930 36 450 / 976 89 033
Hugs: Kom aldri nær leidningar som heng lågt eller ligg på bakken – dei kan vere straumførande og svært farlege!
Slik melder du frå
Du kan melde frå til oss på e-post (epost@vangenergi.no) eller ringe sentralbordet: 61 36 75 50