Kva er nettleige?
Nettleige er det du betaler for å ha tilgang til straum i bustaden din. Når du bruker straum, betaler du for to delar.
– Kraftprisen, som er prisen du betaler til kraftleverandøren du har valt, og
– Nettleiga, som du betaler til det lokale nettselskapet for transport av straumen fram til deg.
Nettleiga skal dekkje kostnadene nettselskapet har med transport av straum, inkludert effektiv drift, vedlikehald og utvikling av straumnettet.
Det er nettselskapet sjølv som fastset nettleiga, men NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) kontrollerer at den totale inntekta frå nettleiga ikkje overstig det nettselskapa har lov til å ta betalt frå kundane sine.
Nettap - kva betyr det for nettleiga?
Når straum blir overført gjennom nettet, forsvinn ein del av den på vegen. Dette kallar vi nettap, og det skuldast fysiske lovar. Slike tap oppstår alltid når straum vert transportert gjennom linjer og kablar.
I snitt forsvinn om lag 10 % av straumen frå den blir produsert til den blir levert til kundane.
For å erstatte den tapte straumen, må nettselskapa kjøpe inn tilsvarande mengde straum til marknadspris. Denne kostnaden vert rekna som ein del av driftskostnadene, og påverkar derfor nettleiga du som kunde betaler.
Når straumprisane er høge, blir det dyrare for nettselskapa – og dette gir høgare nettleige for deg som kunde.
Ny nettleiemodell fra 1 juli 2022 for kunder under 100 000 kWh
Frå juli 2022 fekk mange strømkundar i Noreg ei ny ordning for nettleige.
Korleis denne modellen påverkar deg, avheng av:
-
kor mykje straum du brukar totalt,
-
kor mykje straum du brukar samtidig, og
-
når på døgnet du brukar straumen.
Dette er gjort for å gi betre utnytting av straumnettet, og for å redusere presset i periodar med høg belastning.