Tre som er i kontakt med straumførande liner utgjer livsfare for personell og dyr i nærleiken!
Ei viktig oppgåve for nettselskapa er skoging og rydding av linetrasear. Forskrifta krev dette ut frå omsynet til sikker straumlevering og persontryggleik. Skoging langs linetraseane pågår heile året i traseane for både høgspent- og lågspentliner.
Etter retningslinjene våre kvister vi trea og legg att treverket i traseen. Hogstavfall blir liggjande att i utmarksområde, medan det normalt blir fjerna i innmarksområde og i private hagar.
Grunneigarar skal informerast i god tid før skogrydding startar.
Dersom du sjølv ønskjer å felle tre som står nær ein kraftline, må du kontakte oss for å få råd eller hjelp til felling. Ta alltid kontakt med oss dersom du skal felle tre nær høgspentliner! Felling av tre i nærleiken av straumliner skal foregå slik at farlege situasjonar ikkje oppstår.