Elsikkerheit og tilsyn

Mange bustadbrannar startar i det elektriske anlegget – brannar som ofte kunne vore unngått med jamlege kontrollar. Det lokale eltilsynet (DLE) arbeider for å redusere brannar, ulukker og skadar forårsaka av elektrisk straum. Kvart år gjennomfører vi ei rekke bustadkontrollar for å gjere heimane tryggare.

Nettselskapa er, med heimel i eltilsynslova, pålagde å føre tilsyn med elektriske anlegg innan sine forsyningsområde. Målet med tilsynet er å førebyggje brann og ulukker.

Som huseigar er du pliktig til å la eltilsynet få tilgang til det elektriske anlegget i bustaden din. Du betalar ikkje noko ekstra for dette tilsynet – det er allereie inkludert i nettleiga. Under tilsynet ser vi etter avvik som kan føre til brann eller personskade. Om vi avdekkjer manglar, vil du få eit varsel som beskriv kva som må utbetrast.

Bekymringsmelding

Det finst mange grunnar til at ein kan vere uroa for elsikkerheita. Kanskje er du usikker på om elanlegget er i god stand, eller om elektrisk utstyr fungerer som det skal? Dette kan du gjere noko med!

Eigaren og brukaren av eit elanlegg har ansvar for at anlegget er i forsvarleg stand og vert brukt riktig. Det betyr òg ansvar for å ta faresignal på alvor og gjennomføre nødvendige tiltak for å unngå farlege situasjonar.

Er du uroa for ditt eige elanlegg?

Dersom du mistenkjer feil i ditt eige elanlegg, pliktar du å kontakte ei registrert installasjonsverksemd for å få sjekka og eventuelt utbetra feilen. Leigetakarar har òg ansvar for å melde frå dersom dei oppdagar feil. Leigetakar bør varsle huseigar så snart som mogleg. Kven som har ansvar for vedlikehald og utbetring bør gå fram av leigekontrakten..

Er du uroa for andres elanlegg?

Har du sett noko ved eit anna elanlegg som gjer deg uroleg, kan du sende ei bekymringsmelding til oss på e-post.

Ulovlege installasjonsarbeid?

DLE har eit særskilt ansvar for å følgje opp verksemder og personar som ulovleg utfører installasjonsarbeid. Har du informasjon om slike forhold, ønskjer vi gjerne at du melder frå – du kan sende bekymringsmeldinga på e-post.