Om Vang Energiverk

Vang Energiverk er eit nettselskap i Vang kommune i Valdres.

Vi held til ved Synshagen i Vang i Valdres.

Selskapet vart stifta i 1940.

Vang Energiverk transporterer straum til nettkundane i Vang kommune. Det har også vorte bygd ut fleire områder for hyttekundar, og fleire stader er under planlegging og utbygging. Ta gjerne kontakt for nærare informasjon om moglegheiter for straumtilkobling.

Vang Energiverk har i saman med Jotun Holding og Eidsiva Digital AS bygd ut breiband i Vang kommune.

For bestilling av breiband kontakt Eidsiva Digital AS på telefon 03370 eller via heimesida deira

EIGARTILHØVE
Vang Energiverk AS er eigd av Jotun Holding AS. Vang kommune eig 100 % av aksjane i Jotun Holding AS.