Automatisk straummålar
Alle strømkundar i Noreg har no fått installert smarte målarar. Desse inngår i det som blir kalla Avanserte måle- og styringssystem (AMS).
Med AMS-målar får du:
-
betre oversikt over straumforbruket ditt,
-
meir nøyaktig avrekning, og
-
moglegheit for automatisk styring av forbruket.
Målaren registrerer og sender inn forbruket ditt automatisk – heilt ned på timesnivå.
Det betyr at du ikkje lenger treng å lese av målaren manuelt.
Hos nokre av kundane våre er ikkje målarbytte til AMS gjennomført.
Andre har fått installert AMS-målar, men utan aktiv radiokommunikasjonsenheit.
Felles for desse er at målarane må lesast av manuelt.
Myndigheitene har no i forskriftsform vedteke gebyr (tariff for ikkje automatisk avlesing):
Frå 01.02.2021 er dette regulert av Reguleringsmyndigheita for energi (RME)
i forskrift om kontroll av nettverksemd § 17-9:
«Nettselskapet kan fastsetje tariff til dekning av merkostnader ved å handtere og kontrollere måleverdiane for kundar som ikkje har fjernavlest målar. Dette gjeld berre der manglande fjernavlesing skuldast forhold på kundens side. Tariff for ikkje-fjernavleste måleverdier vert sett til 1500 kroner eksklusiv meirverdiavgift per år. Forskrifta gjeld frå 1. februar 2021.»
For våre berørte kundar betyr dette at frå 01.04.2021 blir det sett gebyr for ikkje automatisk avlesing:
Ny målar utan kommunikasjonsenheit: kr 156,25 per månad (inkl. mva)
HAN-port
Ønskjer du detaljert informasjon om straumforbruket ditt? Vil du styre straumforbruket ditt betre? Då kan det vere ein idé å bestille opning av HAN-porten på straummålaren din.
HAN står for «Home Area Network» og er ein eigen fysisk utgang på AMS-straummålaren din. Dersom du ønskjer, kan du koble utstyr til denne porten som gir deg tilgang til forbruksdata og meir detaljert informasjon om straumforbruk, spenningsnivå, overskotskraft og mykje meir.
Det strøymer mykje informasjon frå HAN-porten dersom du som nettkunde opnar for informasjonsutsending, men kor mykje informasjon som blir vist, avheng av tilkoplingsutstyret du skaffar deg. Tilkoplingsutstyr kan til dømes vere ei smarthjemløysing som viser energiforbruket ditt via ein app. Som eit minimum vil dei fleste leverandørar av tilkoplingsutstyr presentere energiforbruket ditt (kWh) med timeoppløysing, samt effektuttaket ditt (W).
Det er viktig å merke seg at informasjonen som strøymer ut av HAN-porten gjeld totalforbruket for anlegget målaren er kopla til, ikkje detaljar om kva straumen blir brukt til.
Informasjon om straumforbruk er definert som personopplysningar etter personopplysningslova. Difor held nettselskapet HAN-porten stengd inntil du som kunde har bekrefta at han er tilstrekkeleg sikra i forhold til den risikoen du opplever for at uvedkomande kan koble seg fysisk til straummålarens HAN-port for å hente ut informasjon.
Du er sjølv ansvarleg for at uvedkomande ikkje får tilgang til informasjon om straumforbruket ditt.
Informasjonen som strøymer frå utstyret til den leverandøren av tilkoplingsutstyr du har vald, og vidare til ditt heimenettverk, bør også vere sikra med fysisk nettverkskabling eller via passordbeskytta trådlaust nettverk. Sjekk gjerne med leverandøren din av tilkoplingsutstyr korleis løysinga deira sikrar informasjonen.
Tilsynsmyndigheita for straummålarar, NVE, vurderer for tida om det er nødvendig å kryptere datastrømmen som går ut av HAN-porten, men inntil vidare blir datastrømmen sendt ut ukryptert.
Det finst ei rekkje tilbydarar av løysingar som presenterer informasjon henta via HAN-porten, gjennom ulike appar som er tilgjengelege på telefon, nettbrett og/eller PC/Mac. Fleire vil kome til etter kvart som marknaden for slike tenester utviklar seg. Du finn ei oppdatert liste over leverandørar på Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) sin nettside.
Opne eller stengje HAN-port
Ta kontakt med oss på telefon eller epost.
Tlf: 61 36 75 50
E-post: epost@vangenergi.no