Kontakt oss i kontortiden på

tlf 61 36 75 50 (kl 08.30 - 15.00)


Feilmelding utenom kontortid

(vakt-telefon): 930 36 450 / 976 89 033

Har straumen gått heime hos deg?

Straumbrot kan skuldast feil i straumnettet eller vere ein del av planlagde utkoplingar i samband med vedlikehald eller oppgradering.

Planlagde utkoplingar 

blir varsla på SMS, og du finn òg informasjon i vårt avbrotkart.

Sjekk kartet før du ringer feilmeldinga.


Sjekkliste før du ringer:

Manglar naboen også straum?

Da er det mest sannsynleg ein feil på nettet, ta kontakt med Vang Energiverk

Er det kun din installasjon som manglar straum?

Før du tek kontakt med oss, kan du sjå over desse punkta:

  • Kontroller hovudsikringar og jordfeilbrytar – sjå om dei er heile og kopla inn.

  • Kontroller inntakssikringane – desse sit vanlegvis der kabelen eller luftleidningen kjem inn i huset.

  • Sjekk lysdioda på strømmålaren – denne viser status på strømbrytaren.
    Trykk på lenka under for å sjå kva lampeindikatoren tyder.

Dersom noko av dette har kopla ut, tyder det på ein intern feil i ditt elektriske anlegg, og du må kontakte ein autorisert elektroinstallatør for hjelp.